Målblome til Ingebjørg Bø juni 2016

Ingebjørg Bø fekk målblomen juni 2016 for på ein framifrå måte å gjere nynorsken til ein naturleg del av journalistikken i Telemarksavisa. Der har ho levert saker frå Øvre Telemark på rikt og skildrande nynorsk, til glede for avisas lesarar. Ho tok til med journalistikken i Vest-Telemark blad, og deretter var ho på Nynorsk mediesenter i Førde. Sidan dette har ho arbeidd for og nytta nynorsk i NRK, Bø blad, og Jol i Telemark, før ho starta som journalist i TA i 2007. Kvar fredag har TA sett av fleire sider til nynorskmagasinet Telemark Tidend, og her har nettopp Ingebjørg Bø stått for flotte reportasjar. Vi gratulerer!

Ingebjørg Bø













Foto: Bø blad