Årsmelding 2004

Årsmøtet i 2004 vart halde på Bø vidaregåande skule 24. februar.  Eiliv Astad blei takka for innsatsen i 15 år som leiar.  Årsmøtet valde Torhild Aavik til ny leiar. Nils-Ivar Agøy heldt foredrag om Tolkien og hans forfattarskap.

 

Styret har vori samansett slik:

Nestleiar:  Kari Rast Monge

Skrivar: Ingrid Sønstebø Kåsa

Kasserar: Dag Hallvard Østtveit

Skule/barnehage: Halvard Jansen

 

Styret har hatt 9 styremøte i arbeidsåret og handsama 54 saker.  Me har valt å ha styremøta i heimane. 

 

Viktige saker som er handsama:

 

Ø      Kulturkveld etter årsmøtet i Telemark Mållag 13. mars.  Styret blei kasta inn i dette arbeidet kort etter eige årsmøte.  Ole M Høystad snakka om ”Våre historiske hjarterøter i arabisk og europeisk kultur”.  Ingebjørg Bø las frå hovudoppgåva si og me hadde fleire ungdommelege musikalske innslag.  Kjell Bitustøyl fekk målprisen til Telemark Mållag.

 

Ø      Målblomen.  Styret har sett i gang utdeling av Målblom til bedrifter eller einskilpersonar som har teke nynorsken i bruk skriftleg eller munnleg.  Det skal vera ein oppmuntringspris, eit positivt løft for nynorsken.  Bø Blad (juni), Moland Bakeriutsal (oktober) og Bø Apotek (februar) har fått prisen saman med eit klistremerke, ei rose, og heiderleg omtale i Bø Blad.

 

Ø      Kakebasar 5. juni.  Laget var i år på Bøsenteret og Rema 1000.  Det kom inn mange vinstar og det gav eit godt resultat.

 

Ø      Are Kalvø på Vertshuset 20. september.  Arrangementet var eit samarbeid mellom Telemark Mållag, Norsk Målungdom (NMU) og Bø Mållag.  Målsetjinga var å verve medlemer særleg frå høgskulen til NMU.  Det blei 18 innmeldingar og fullt hus.

 

Ø      Joleheftesal.  Styret valde også i år å tilby ungdomsskuleelevar å selje jolehefte.  I tillegg selde me på julemessa til Bø Museum. 

 

Ø      Medlemsverving i Eikjabygda i desember.  Styret har laga ein vervebrosjyre retta mot denne delen av bygda, hatt vitjing av Ingar Arnøy frå Norges Mållag på eit planleggingsmøte og satt i gang ein vervekampanje gjennom Bø Blad.  Diverre har det ikkje resultert i nye medlemer så langt.

 

 

         Bø Mållag hadde ved årsskiftet 66 medlemer.

 

           

         Styret for Bø Mållag, januar 2005

 

 

 

         Torhild Aavik

         leiar