Årsmelding 2005

Årsmøtet i 2005 vart halde 17. februar på Kafé Anno. Årsmøtet valde Torhild Aavik til ny leiar. Det var 12 medlemer med røysterett på årsmøtet. Ingar Arnøy frå Noregs Mållag snakka om ”Nynorsk for dei små og nynorsk for dei nye”.

 

Styret har vori samansett slik:

Skrivar: Ingrid Sønstebø Kåsa (eitt styremøte)

Skrivar: Anna-Elise Smedstad

Kasserar: Dag Hallvard Østtveit

Styremedlem: Bjørg Breivik

 

Styret har hatt 8 styremøte i arbeidsåret og handsama 57 saker. Me har valt å ha styremøta i heimane. Torhild Aavik og Anna-Elise Smedstad møtte for laget på årsmøtet til Telemark Mållag. Bø Mållag hadde ved årsskiftet 68 medlemer.

 

Viktige saker som er handsama:

 

Ø      Mediekampanjen ”Slepp nynorsken til! Opphev forbodet mot nynorsk i Dagbladet og VG”. Laget hadde underskriftslister på biblioteket og høgskulen. Under Telemarksfestivalen (laurdag 23.7.), hadde laget stand og fekk 50 underskrifter. Til saman kom det inn 200 underskrifter frå Bø og 36000 på landsbasis.

 

Ø      Målblomen er vidareført. Bø brudesalong fekk målblomen i juni for bruk av nynorsk i marknadsføringa. Maurtuva familiebarnehage fekk målblom fordi dei tilsette bevisst brukar bømål og for å bruke mykje skriftleg nynorsk. Bygdabilly Band fekk prisen i februar for dialektbruk i sangtekstar og ei god heimeside med ordboka: ”Bø-mål te By-mål”.

 

 

Ø      Kakebasar 2.4.2005. Laget var i år på Bøsenteret og Rema 1000. Det kom inn mange vinstar og det gav eit godt resultat.

 

Ø      Heimesida til Bø Mållag. Styret har arbeida med å fornye heimesida. Ho skal oppdaterast fleire gonger i året, ha faste og aktuelle spalter og mange peikarar.
Sjå internett www. nynorsk.no/ml/bo.

 

Ø      Utdeling av CD. Alle barnehagane har fått CD med julesongar på nynorsk av barnekora i kyrkjelyden

 

Ø      Norsk Barneblad til 5.klasse. Bø sparebank har støtta utdelinga på skulane med over halve kostnaden.

 

Ø      Nynorskbruken på distriktshøgskulen. Bø Mållag har sendt lesarinnlegg til Bø Blad, Varden og TA og skrive brev til dekanus ved avdelinga i Bø.

 

Ø      Vegnamn. Styret sende inn lesarinnlegg i TA, Varden og Bø Blad med oveskrifta: ”Heiter det veg eller vei i Bø?”.

 

Ø      Joleheftesal. Styret valde også i år å tilby ungdomsskuleelevar å selje jolehefte. I tillegg selde me på julemessa til Bø Museum.

 

Ø      Medlemsverving i november. Styret utarbeida ei liste på 270 aktuelle namn i bygda og fekk Noregs Mållag til å skrive eit vervebrev med giro. Me fekk 2 nye medlemer.

 

Ø      Vedtekter for Bø Mållag. Styret har ikkje funne protokollar eldre enn 20 år og kan heller ikkje finne vedtektene. Styret har utarbeida eit framlegg til nye vedtekter.

 

Ø      Norsk Målungdom la vinterleiren sin til Vatnar 20. – 22. januar 2006. Asgeir Sele hadde eit kåseri om historia til Bømålet og dagsaktuelle tankar.

 

 Styret for Bø Mållag, januar 2006