Årsmelding 2008

Årsmøtet i 2008 vart halde 14. februar på Meierismuget kafé.  Det var 13 medlemer med røysterett på årsmøtet. Årsmøtet samla seg om ei fråsegn: ”Styrk Bødialekten og nynorsken i Bø”.

 

Styret har vori samansett slik:

Leiar:              Torhild Aavik   2008

Skrivar:           Marit Lindvik Tveit   2008   

Kasserar:         Dag Hallvard Østtveit   2008 og 2009

Styremedlem:  Margit Ryen Steen   2008 og 2009

                        Kari Tveit   2008 og 2009

Vara:               Olav Rovde   2008

                        Asgeir Sæle   2008

 

Styret har hatt 10 styremøte i arbeidsåret og handsama 75 saker.  Bø Mållag hadde ved årsskiftet 69 medlemer, ein nedgang på to frå i fjor.

 

Torhild Aavik møtte for laget på årsmøtet til Telemark Mållag i Seljord.  Marit Lindvik Tveit og Margit Ryen Steen representerte på landsmøtet til Noregs Mållag i Stavanger.  Torhild Aavik og Marit Lindvik Tveit representerte laget på Nes Mållag sitt 100-årsjubileum.

 

Viktige saker som er handsama:

Ø      Lugarkveldar 30.8.(2008) og 7.2. (2009). Med fokus på dialekt og skrøneforteljing samarbeidde mållaget med Bø Museum og Pizzafjoset.  Fyrste kvelden var det Ingvar Skobba, Helge Vreim, Halvor Bringa og Torstein Lindheim som skrønte.  Andre kvelden var det Rollev Storåsen,  Halvor Bringa, Billy Lätt og  Ørnulf Nordbø. Begge kveldane samla stappfulle hus.

 

Ø      ”All verdas språk” 20.10. ved professor Rolf Theil.  I eit samarbeid med høgskulen var det fokus på verdas 6912 språk denne kvelden.

 

Ø      Bø Målungdom vart stifta 17.9.2008.  Med Gjermund Midtbø i spissen for eit nytt målungdomslag var me glade for å kunne støtte dei økonomisk i startfasen.

 

Ø      17. mai.  Laget stilte med namneplakat og mållagsmedlemer i det nye Folketoget i Bø.

 

Ø      Målblomen er vidareført.  Hellestad Sandtak fekk Målblomen i mars for god marknadsføring på nynorsk.  Dialektskjurta fekk Målblomen i september for bruk av bødialekt på t-skjurtur.  Sparebanken Sør fekk i februar 2009 for god marknadsføring på nynorsk.

 

Ø      Bøgradestokken selde godt heile året.  Det vart ein del avisomtale –  Varden/Telemark Tidend 26.4., TA 25.10, Norsk Tidend april-nummeret, Nationen 12.11. – som truleg har gjort han betre kjent utanfor Bø.  Salsstadene Roxy kaffebar og Meierismuget kafé fekk ei blomegruppe kvar som takk for å selja utan provisjon.  Det er selt om lag 850 gradestokkar til no.  Styret har laga eit bokmerke av gradestokken og dette blir presentert på årsmøtet.

 

Ø      Kakebasar 13.4. og Nattope 12.12. Til vårens kakebasar kom det inn ca 25 vinstar og 10 blei kjøpt inn i tillegg.  Under kveldsope i desember hadde mållaget stand der me selde 19 gradestokkar (30 i fjor), jolehefte og lodda ut tre kransekaker.  Moland Bakeriutsalg og Aasmundsens bakeri sponsa oss med gratis smaksprøver på muffins og kransekake.

 

Ø      Norsk Barneblad til 5. klasse.  Bø sparebank har støtta utdelinga på skulane med over halve kostnaden.

 

Ø      Joleheftesal.  Styret valde også i år å tilby ungdomsskuleelevar å selje jolehefte.  I tillegg selde me på julemessa til Bø Museum. 

 

Ø      Pirion til barnehagane i Bø.  Dette er ei nynorsk kulturavis som formidlar kultur og medviten språkbruk.  Styret har gjeve 5 årsabonnement for 2009 i gåve.

 

                                                            Styret for Bø Mållag, februar 2009