Målblomen

Bø mållag ønskjer å setje eit positivt fokus på den lokale språktradisjonen med ein Målblome. Kravet for å få ei slik utmerking er at ein brukar nynorsk eller dialekt i offentleg marknadsføring eller anna skriftleg arbeid. Målet er å finne tre verdige kandidatar årleg. Håpet er at alle skal tenkje over kva slags språk ein brukar i det offentlege rom. Kva slags andlet ein viser verda er ikkje berre ei privatsak.
”Språket på annonsar, oppslag og skilt varierer veldig i Bø. Ofte er det berre den bevisste tanken som manglar, oppdagar ein om ein tek opp temaet med dei som utformar tekstane. Butikkeigarar som sjølv snakkar rotekte bøheringsmål, tyr til oppstylta ord og setningar når det er snakk om å uttrykkje seg skriftleg.” (Bø Blad 7.10.2004)

Premien er ein diplom, ein stor bukett roser og heiderleg omtale.

Desse har til no fått målblomen frå Bø mållag

  • Bandet Ugras - desember 2020
  • Gjermund Midtbø - oktober 2018
  • Byting - november 2017
  • Almankås AS - oktober 2017
  • Ingebjørg Bø - juni 2016
  • Bø kino - juni 2015
  • Bø Frilynde Ungdomslag - mai 2015
  • Bø Maling - januar 2015
  • Sparebanken DIN - oktober 2014
  • Silkevippa - september 2013
  • Stadnamngruppa i Eikjabygda - desember 2012
  • Bø ungdomsskule - november 2011
  • Midt-Telemark Energi - februar 2011
  • Bø Auto - september 2010
  • Stanley Jacobsen - september 2009
  • Sparebanken Sør - februar 2009
  • Dialektskjurta - september 2008
  • Hellestad Sandtak - april 2008
  • Halvor Ulvenes - juni 2007
  • Bø Bibliotek - februar 2007
  • Nynodata - august 2006
  • Ni liv (tidlegare Bygdabilly Band) - februar 2006
  • Maurtuva Familiebarnehage - oktober 2005
  • Bø Brudesalong - juni 2005
  • Bø Apotek - februar 2005
  • Moland Bakeriutsalg - oktober 2004
  • Bø Blad - juni 2004