1. «So lang ei tid»

Bø Mållag fyller i år tre kvart hundre år. Eit slikt vegmerke er ikkje noko å legge seg på, men heller å lute seg mot, støtte seg til. Ein milepel der ein kan stogge eit bel, tenkje over kva som var – og venteleg framleis er – grunnlaget for målrørsla. Slike merkedagar er òg eit godt høve til å minnast dei som tok tyngste taket, som heldt elden varm og aldri trøytna.

Tenkjer vi på den aktuelle målstoda med jamstellingskrav og ei overlag viktig skulemålsrøysting like utanfor stovedøra, får ein aller helst hug til å sitere Arne Garborg, for no like godt å opne døra for vårt nasjonale anegalleri med ein gong:

        So lang ei tid

        so lang ein strid

        og enno stend me midt der-i!

Andre vil kan hende heller undre seg over at det trass alt ikkje er så lenge sidan at ein del ihuga målfolk møttest på Gunvorskås og skipa Bø Mållag. Då må ein ikkje gløyme at 2. mars 1902 er skipingsdagen for den organiserte målrørsla i Bø.

Mållaget starta ikkje opp på berre bakke. Jordsmonnet var stelt med og vyrdsla på førehand. Kva tid det heile tok til, er ikkje godt å vite, – og vi kan ikkje her rekkje opp alle trådane i den vevnaden som heiter Bø Mållag. Eitt utgangspunkt er at norsk var avdanka som offisielt mål og som kulturmål på 1400- og 1500-talet. Ikkje berre skreiv embetsmennene på pære dansk, men også bøker vart med tid og stunder innført i kyrkje og skuleopplæring, og her var dansken einerådande. Dette framandvorne trengde seg såleis inn jamvel på bygdene her til lands, og er vitnemål om ei trist nasjonal og kulturell forfallstid.

Ei anna sak var det likevel at folk flest snakka sitt eige språk, sin eigen dialekt. Det hende seg at ein og annan vart oppteken av dette mishøvet mellom skrift og tale. Somme freista kome or tvangstrøya ved å skrive i eit dialektfarga språk. Lenge vart dette herre slag i lufta. Atter andre prøvde forme tankar som peikar mot språkleg frigjering. Ein slik ein var t.d. Hans Hansson frå Brunla, som m. a. var huslærar hjå kaptein Rye i Bø. Han uttala alt i 1816 at den dagen ville kome då «et kraftfullt sprog fra dølens hjem udlændingen forundret skal fornemme.» Noko seinare uttrykte diktarpresten Simon Olaus Wolff tankar av liknande slag, for ikkje å nemne Henrik Wergelands frigjerande tankar – også i målvegen – først på 1830-tallet.

Den norske målreisingstanken, klar og medviten, vart likevel først utforma av 20-åringen Ivar Aasen i artikkelen «Om vort skriftsprog» (1836). Her råkar vi for første gongen dei to grunntankane i målreisinga: nasjonaltanken saman med folkestyretanken, dette at språket var ein nasjonal eigedom som måtte tuftast på talemålet til det store, arbeidande folket. Aasen vart sjølv – som vi alle veit – nett den mannen som førte dette programmet ut i livet og fann fram til ein samnemnar for dialektane her til lands.

No starta heller ikkje flogvitet Ivar Aasen opp på berre bakke. Han var sjølv eit ektefødd barn av «opplysningstida» som på ein forvitneleg måte falda seg ut på Sunnmøre mot slutten av 1700-talet, med presten Hans Strøm som midtpunkt. Boksamlinga og prenteverket til Sivert Aarflot på Ekset i Volda sprang ut av dette. I grannelaget voks Aasen opp. Det går ei klar linje frå Hans Strøm til Sivert Aarflot og til Ivar Aasen.

Ekset-kulturen var på mange vis eit verdsleg motsvar til pietismen. Somme kallar rørsla for «rasjonalismen». Det som i alle høve låg under, var nyfikna over alt som rørde seg, trua på at tinga kunne utforskast, kritisk og metodisk. Programmet var: bort med gamal ovtru og stengslar, fram for betre materielle kår, likare opplysning osb.

Det er nok ikkje noko slumpetreff at den aller første spiren til målrørsla i Bø spring fram or eit liknande kulturmiljø.