2. «Fornuftens lys»: Eikjarud i Bø.

Sogeskrivaren Olav Stranna omtalar i den framifrå Lundesoga eit brev frå klokkar Mikkel Evensen til Halvor Rollefsen Eikjarud, dagsett 17. mars 1805. Brevet vitnar om eit mykje rasjonalistisk drag: «Blandt andre skadelige og dårlige tanker som vores Catechismus fremavlede i mine barneår.» Sikkert og visst er det at tankane må ha falle i god jord hjå Halvor Rollefsen. Denne Halvor frå Eikjarud er på mange vis eit lysande døme på det beste i opplysingstida, ei tid som elles kviler i halvmørke. Han var ein merkjeleg og mykje namngjeten bonde. Han dreiv Eikjarud som reine mønstergarden, og fekk utmerking frå sjølvaste Carl Johan. I religionen var han heller fri. Ikkje for ingenting hadde han Voltaires skrifter heime i boksamlinga si. Han fekk jamvel kongeløyve til å verta gravlagt på eigen grunn.

Ein av sønene hans heitte Halvor Halvorsen. Han var fødd i 1781, og bleiv i Hollavatnet i 1811. Målrørsla i Bø startar hjå denne gåverike guten. Eg har nyss gått gjennom eit brevskifte mellom Halvor og venen hans i Flåbygd, Gunder Gundersen Tvedt. Breva er i hovudsaka skrivne i åra 1800–1806, m.a.o. om lag hundre år før Bø Mållag vart skipa, før Ivar Aasen var fødd og ein mannsalder før broren hans, Gjermund Eikjarud, vart vald til første ordføraren i Bø.

Breva gjev eit forvitneleg innsyn i det allmenne kulturmiljøet i bygdene her ikring 1800, sett frå Eikjarud og ført i pennen av ein som fullt ut fortener nemninga bygdegeni. I eit brev frå 2. mars 1800 dreg han opp eit utsyn over kulturframvoksteren «her i egnen», og kjem m. a. inn på det ringe opplysningsnivået først på 1700-talet. Få kunne lese, og enno færre skrive. Men før 1720-åra var omme, «kom her hendelsesvis reisende i bygden en aldrende fattig til fylderi hengiven student ved navn Bertel Rosendahl». Denne karen lærde borna til dei mest formuande å lese, m. a. var Halvors bestefar mellom dei første som lærte seg lesekunsten.

Dette samsvarar godt med det H. J. Wille kriv frå Seljord i «Sillegjords Beskrivelse» (1786), der han m. a. nemner at berre ein av hundre kunne lese før konfirmasjonen.

Likevel trur eg det er rettast å gå endå eit hundreår mot vår tid før folk flest lærte seg å lese og skrive, i alle fall i den meining at lesing og skriving vart naturlege utslag av trongen etter å finne fram i dikting og litteratur, samfunn og politikk. Og jamvel mot slutten av førre hundreår er det ikkje så sjeldan å råke på personar som har vanskar med å skrive sine eigne namn.

Då er det sanneleg ikkje godt å drive målsak!