4. Søren Rollefsen.
Søren Rollefsen vart fødd i 1812. Faren hans kom
frå Eikjarud, og hadde med seg eit rasjonalistisk drag derifrå. Broren melde
seg inn i Thranerørsla. Søren vaks opp i heller små kår på Storrønningen, som
tidlegare hadde lege under Oterholt. Han var mellom dei først gåverike i
bondesamfunnet som fekk seminarutdanning. Bø kommune hjelpte til med eit
rentefritt lån, og heim frå Asker seminar kom han med framifrå karakter. Frå
omlag 1850 og fram til 1868, då han døydde i si mann domsfulle kraft, finn vi
Søren Rollefsen som ein hovudperson i Bøherads styre og stell.
Han skal ha vore ein framifrå dugande lærar.
Omframt vanleg folkeskule, heldt han òg ein framhaldsskule (storskule) for
ungdom som var konfirmert. Derifrå var det ikkje lange vegen til Klyve seminar
i Solum. Av Rollefsens læresveinar som sette merke etter seg, kan nemnast:
Halvor Tvedten, Ivar Gundersen, Halvor H. Skogen, Johs. Gaara, Olav Kaarsten,
Fredr. Pohlman, Steinar Verpe, Auver Flatland… slik kunne ein halde fram med å
rekne opp.
Så vidt eg veit, nytta Rollefsen ikkje landsmålet
sjølv. Han var ein meister til å skrive, men hekk att i den gamle stilen, som
tilfelle var med flest alle som hadde fått dansken inn med morsmjølka.
Det ville sjølvsagt ikkje vorte noko av det norske
målstrevet, om ikkje nokon tok seg føre å skrive det. Det gjorde Asmund Vinje.
Bladet hans, «Dølen», var spreidt rundt om i bygdene. Det var kvikt og godt
skrive. Orda var forma etter tanken, lesarane kjende seg att. Søren Rollefsen
var òg postmann, og tradisjonen fortel at han ofte las opp frå «Dølen» for dei
som ville høyre på.
Minnet om Søren klokkar vart heidra av Bø Mållag i
1922. Den 17. mai det året la mållaget ein krans på grava hans, og Halvor Grave
slutta slik: «Me vil alltid minnast Søren Rollefsen med takk avdi han var med
og verja den vesle groren som den tid hadde teke til å ydda fram for norsk
målreising.»