5. Samtalarane i Bø.
Og den vesle groren voks seg til. Jordsmonnet vart
òg likare. Tidleg på året 1881 stod det ei melding frå Bø i «Varden»: «Den
yngre slægt styrer til en anden kant og befatter sig også med et og andet udenfor
selve madstrevet. Går vi ned til posthuset, blir vi straks var en mængde
forskjellige aviser, der blir sendt ud til alle bygdens kanter. Og ikke nok med
dette. Vi bar også midt i bygden et større almuebibliotek, hvor bøgerne går ud
og ind fort væk.»
No hadde det verkeleg meining å drive målsak! Bøker
og blad vart utgjevne, og gjekk på omgang ute i bygdene. Ikkje minst avisa
«Varden» vart viktig, og har ei stor fortid som ei radikal og folkeleg avis her
i fylket.
To unggutar på Nordbø var flittige meldarar til
denne avisa. Halvor Torstensen og Halvor Halvorsen heldt saman i tjukt og tynt.
Hølje Mørholt heitte ein tredje bygdejournalist. Dei var unge, radikale – og
nasjonale. Inspirasjonskjelda var Viggo Ullmann og folkehøgskulen i Seljord.
Dit drog dei tidt og ofte.
31. mars 1881 gjekk ein flokk radikale Bø-ungdomar
saman og skipa Bø samtaleforening. Samtalarane var banebrytarar for mangt og
mykje i Bø. Legg likevel merke til kva som var aller første samtaleemnet:
«Fyrst og fremst tok dei fat på målsaki, som kom fram fleire vendur, å dæ visar
seg, at Bøhæra hev utruleg mange målmenn, som ynskjer, at folkesprokje kann få
full program i skulen og kyrkja.»
Dermed var programmet staka opp. Og det vart ikkje
med lause talemåtar. Dei starta opp eit handskrive blad som dei kalla
«Bøheringen», og mange av stykka der var på eit dialektfarga landsmål.
Samtalelaget vart elles mønster for liknande lag i
grannebygdene. Og det er ikkje noko slumpetreff at målspørsmålet dukka fram
første gongen i Lunde på eit møte i Lunde samtalelag 28. januar 1882, der
Rolleif Lia innleidde.
Det var i desse åra at målsaka vart fletta saman
med den nasjonale – og sosiale striden. Arbeidet i samtalelaga var førebod om
dette. Målsaka vart politikk, med andre ord. Det første store resultatet av
dette var jamstellingsvedtaket i 1885, sjølve fridomsbrevet til nynorsken.