6. Halvor Klasen Grave.

Her på heimebana vart det likevel lenge med heller små og spreidde tillaup. Riksmålet var einerådande i skule og kyrkje inn i vårt eige hundreår. Det gjekk ikkje berre med vakre prinsipp. Skulle det mune noko, måtte dansken jagast ut der han hadde kome inn. Og skulle det lukkast, måtte målstrevet verte meire handfast, praktisk, jordnær. Det var lite truleg at målspørsmålet vart avgjort på talarstolen.

Bøherad fann mannen med det praktiske handlaget i HalvorKlasen Grave. Denne unge mannen byrja skrive i avisene på 90-talet og ivra då for ein fastare samskipnad for målfolka i Bø. Det galdt å samle kreftene. Halvor Grave var fødd i 1872 på Grave, som fram til 1883 høyrde til Seljord. Han var av gamal og vyrd bondeætt. Som tilfellet var med samtalarane tidlegare, vart Seljord og folkehøgskulen der eit Mekka dit han valfarta tidt og ofte.

Men no var det meir storpolitikk. Unionsstriden gjekk inn i ein avgjerande fase. Ullmann var mellom Venstres fremste på Tinget. Halvor var sjølv ihuga venstremann, og høyrde til den radikale vengen i unionskampen. Likeins var han oppteken av skyttarsaka, og vart personleg kjend med «skyttargeneralane» Five og Angell.

Trass i ulike hugmål – som på mange måtar var i slekt – var det likevel målsaka han brann mest for. Ingen tek plassen hans som den mest ruvande personlegdomen i målsoga for Bøherad.

Halvor Grave vart kjend med mange kjende målfolk. Ein av desse var Olav Midttun, som kom hit til bygda første gongen i 1902, 19 år gamal, for å vere framhaldsskulelærar. «Eg hadde ikkje vore stort meir enn 14 dagar i bygdi, før Halvor Grave fekk meg til å halda foredrag um Snorre. Tri viker etter måtte eg til att, og heldt fyrste foredraget mitt um Aasmund Vinje. Etter nyåret fekk han meg til å halda målskeid, endå eg streta mot, for eg hadde ikkje havt upplæring i nynorsk og lite skrive det, anna enn i nokre stilar for far. Me hadde nett fått fyrste offisielle landsmålsrettskrivingi. (1901). Men han gav seg ikkje, so eg måtte til. Før eg reiste i mars, måtte eg halda endå eit foredrag (om Ole Bull).»

Dette er eit lite utdrag or ein vakker biografi Midttun har teikna av Grave, i Årbok for Telemark (1964). Det er framom alt den praktiske målstrevaren vi her møter, og som vi snart skal møte att i oversynet vårt.

I 1924/25 skranta Halvor Grave mykje, og vart kasta på ei sjukeseng han aldri kom seg or. På årsmøtet i Bø Mållag 1925 sende laget ei helsing. Grave svara: «Hjarteleg takk for kjærkomi helsing. Lukke med arbeidet. Mi beste helsing og takk.» – Dette er truleg dei siste orda til meiningsfrendar og trufaste vener. Den 13. august 1925 døydde han, og Bø hadde mist sin varmaste og mest heilhuga norskdomsven.

Olav Gullvaag fortel i minneorda han skreiv om då Jørgen Løvland var på talarferd og overnatta på Grave hjå Halvor. «Det var eit minne for livet å høyra den væne samrøda utyver kvelden millom den idealistiske, smålåtne bonden og den folkelege, djupt forståande statsmannen. Løvland let falla nokre ord um alt offerarbeidet Grave dreiv med og sa: «Eg tenkjer du ser ikkje stort att av takk og løn.» Då log Grave: «Skulde eg ta meg betalt for å hava ei sak kjær?» – «Nei, nei,» sa Løvland og gav honom handi til eit traust tak. Slike idelistar, som dei kloke lær til som naive og himmelblå – kva var no livet utan deim?»