7. Bø Mållag vert skipa.

2. mars 1902 vart samskipnads-tanken til Halvor Grave røyndom. Bø Mållag vart skipa. Første paragrafen i lovene lydde slik: «Lage vil arbeida for at det norske mål må vinna rom og retten sin att, verta kjendt og kjært og brukt til alt i skrift som tale. »

Møteboka er denne dagen underskriven av: G. T. Oterholt, H. K. Grave, A. K. Grave, H. E. Grave, Svein Høydal, T. Espedalen, 0. Einarson, 0. Paalskaas, Margrete Paalskaas, Halvor T. Verpe, Ketil H. Eika, Kari H. Forberget, Halvor Espedalen, Eilev Langkaas og S. Svenningsen.

Eg går ut frå at dei som var til stades, har skrive under. Store flokken var det ikkje, men han var god, den som var. Vi legg elles merke til at to kvinner var med, det var ikkje vanleg den gongen. Margrete Paalskaas var mellom dei første kvinnene i aktivt lagsarbeid her i Bø. Ein gong var Arne Garborg i Bø og tala i det nye forsamlingshuset Folkvang. Margrete Paalskaas takka diktaren med å seie at det var tankar for eit langt liv. Garborg, som ingen stortalar var, visste ikkje korleis han skulle ta dette, endå det sjølvsagt var godt meint.

Første styret i Bø mållag vart: Halvor K. Grave, formann, Torgrim Espedalen, Kittil H. Eika, Olaf H. Paalskaas og G. T. Oterholt.

No var det berre å setje i gang.