8. «Fillekjærring»-striden.

19. september 1903 sende Halvor Grave eit skriv til Bø skulestyre og gjorde framlegg om at «Norigs soga skal vera på landsmål i framhaldsskulen i Bø». («Det galdt truleg den framifrå, nasjonale «Norigs soga» av Steinar Schjøtt, som eg hadde nytta for meg sjølv, vinteren før», skriv Midttun.) – Då framlegget kom opp ein månad etter, møtte det fram berre 8 av 14 medlemer, medan alle åtte lærarar i bygda tok del. Sokneprest Camillo Rantzau-Bøckman var skulestyre-formann, og ikkje særleg stemd for målsaka, for å seie det mildt.

Det viste seg at einast lærarane var med i ordskiftet. Men det var òg rikeleg. Ein av dei sa m. a. at ein var like god nordmann om ein ikkje var målmann. Det som det galdt om, var å gjera noko til gagns. Ingen tenksam lærar ville finne på å knote dansk i skulen med borna. «Det var ille at me hadde lote skifta mål, men no er det ingi botevon for det. For landsmålet rekk ikkje til, kor mykje ein pyntar på det; ei fillekjærring blir ei fillekjærring, um ein so hengjer på henne ein messeserk.» Etter dette skal formannen ha ropa bravo, og klappa i hendene. Deretter baud han alle inn på ein kopp kaffi med kveitebollar. Sidan vart det avrøysting, og framlegget frå Grave vart då nedrøysta med 7 mot ei røyst, Graves eiga.

Ja, slik står det i alle fall i referatet som vart sendt inn til «Den l7de Mai», som sjølv hengde på ein redaksjonell hale: «Ein snål prest er presten Bøckman i Bø. Han held skulestyremøti i prestegarden; mellom ordskiftet og avrøystingi byd han medlemene inn på kaffi. Etter dette kaffidrøset med all presteleg påverknad vert det avrøysting. Kan ein so undrast på, at utfallet vart som det vart?»

Dermed var striden i gang, slik det hadde eit lag til når det hende noko særskilt «bøherisk». Båe partar var vel forsynte med skriveføre og i alle fall skriveglade penneknektar. – Det verkar elles som om «fillekjerrings»striden gagna målsaka. I oktober året etter vedtok nemleg skulestyret at landsmålstillegget til Rolfsens lesebok skulle takast i bruk i Sanda krins, og i 1906 vart landsmålet innført i krinsen. Same året vedtok endeleg skulestyret – mot ei stemme – å innføre Vellesens landsmåls-ABC i alle skulekrinsane. På førehand vart lærarane i bygda tilspurd om kva dei meinte, og endringa vart tilrådd mot tre stemmer.

Stemninga hadde snudd seg! Men kor lenge ville det vare? Torgrim Espedalen skreiv i eit brev til venen Halvor Grave: «Ja, komande laurdag skal det vera krinsmøte i Forberg skulekrins. Der skal millom anna ogso «målspursmålet» fram. Korleis gjeng det no? Eg høyrde ein mann der ute sa, at me laut ottast det verste, for «målhatarne» vil ha «revanche», sa han.»