9. Katedral, børs – og Norig.

Bygda skulle ha ny prest. Bøckman hadde gjort si tenest, og Halvor Grave såg helst at det no vart ein person som var meir å lite på i målvegen. Han skreiv om dette til stortingsmann Grivi, som svara attende og bad Halvor ta det heilt med ro, «thi er han ikke folk, når han kommer til Bø, så skal han bli, før han reiser.... Jeg har hørt, at der skal være udsigt til, at vi får Kofod».

Dette var i 1905, og Kofod vart verkeleg ny prest i Bø, og då trong ingen ottast, for han var visseleg både folk og folkeleg, jamvel målmann. Ikkje anna å vente at det no gjekk snøgt med å få innført Blix-salmane i gudstenesta; det skjedde samrøystes i 1906. Ender og då vart kyrkja teken i bruk til nynorsk messe. Nynorsk altarbok vart innført i 1922.

Same året var elles Halvor Grave midtpunktet for ein ny bygdestrid, denne gongen av meir symbolsk meining. Saka var at kyrkja hadde fått seg støypt ei ny klokke, og støyperiet hadde like godt prega inn ei innskrift av Kingo, på dansk sjølvsagt. Men det ville ikkje målfolka vite noko av! Jonsokeftan 1922 vedtok dei å få hogge ut innskrifta, koste kva det koste ville. Mållaget laut garantere for 5000 kroner, om det skulle gå gale og klokka tape klangen sin. Det gjekk godt, og bøheringane slapp tenkje på at klokka ljoma ut over bygda med dansk innskrift. Stundom er slike symbolske ting viktige.

Sparebanken neste! Olaf H. Paalskaas var formann i bankstyret i tida under og etter første verdskrigen. Han var òg ihuga målmann. I 1923 gjorde han framlegg om at administrasjonsmålet skulle vere på nynorsk, og det gjekk gjennom. 14. april s. å. er første gongen nynorsk vert nytta i møteboka. Det var Paalskaas sjølv som førte protokollen. Sant å seie var ikkje resultatet særleg vellukka i førstninga. Så mange gamle vendingar sat gamlekarane i blodet. Knut H. Nordbø, som var lokal avismedarbeider frå Bø gjennom eit halvt hundre år, hadde godhug for målsaka. Men han fekk seg aldri til å prøve sjølv. Han seier sjølv: «Bare endel oldinger innlevet i de gamle forhold sat igjen klimprende mere eller mindre stivt på riksen. Undertegnede er en av dem.»

Tanken om ei nynorsk avis var for mange sjølve hjartesaka. Og i 1909 var lutlaget «Norig» skipa, og Bø Mållag teikna seg for ti luter på augneblinken. Ut gjennom åra sende lokallaget her tusenvis av kroner til støtte for bladet. T. d. skipa mållaget til marknader, som i 1911 gav 6000 kroner i overskot. Den gongen var det mykje pengar. Kva skal vi då seie om Halvor Grave, som ein gong på fjorten dagar samla inn tjue tusen kroner! Redaktør Gullvaag har sagt at han er overtydd om at Grave på eiga hand redda bladet mange gonger.

No fekk målfolket sanneleg att for strevet. «Norig» var eit framifrå blad, som det er spanande å bla i den dag i dag. I åra 1912–1921 var den kjende forfattaren Olav Gullvaag bladstyrar, og han gjekk føre med ein kjapp og frisk penn – slik at avisa ofte vekte åtgaum vide i kring. Bø Mållag sende i 1920 ei særskild takk til Gullvaag for hugheilt og trufast arbeid.

På 30-talet, då det gjekk galne vegen med så mangt, laut «Noreg» gje seg. Men bladet har då overlevt på eit vis, som «Telemark Tidend» i «Varden». Halvor J. Sandsdalen, som styrer dette veketillegget, liknar Gullvaag på mange måtar. Men ei svale gjer ingen sommar, korkje den gongen eller i dag.