BLAD OR MÅLSOGA I BØ

Av Jostein Nerbøvik

 

1. «So lang ei tid»

Bø Mållag fyller i år tre kvart hundre år. Eit slikt vegmerke er ikkje noko å legge seg på, men heller å lute seg mot, støtte seg til. Ein milepel der ein kan stogge eit bel, tenkje over kva som var – og venteleg framleis er – grunnlaget for målrørsla. Slike merkedagar er òg eit godt høve til å minnast dei som tok tyngste taket, som heldt elden varm og aldri trøytna.

Tenkjer vi på den aktuelle målstoda med jamstellingskrav og ei overlag viktig skulemålsrøysting like utanfor stovedøra, får ein aller helst hug til å sitere Arne Garborg, for no like godt å opne døra for vårt nasjonale anegalleri med ein gong:

        So lang ei tid

        so lang ein strid

        og enno stend me midt der-i!

Andre vil kan hende heller undre seg over at det trass alt ikkje er så lenge sidan at ein del ihuga målfolk møttest på Gunvorskås og skipa Bø Mållag. Då må ein ikkje gløyme at 2. mars 1902 er skipingsdagen for den organiserte målrørsla i Bø.

Mållaget starta ikkje opp på berre bakke. Jordsmonnet var stelt med og vyrdsla på førehand. Kva tid det heile tok til, er ikkje godt å vite, – og vi kan ikkje her rekkje opp alle trådane i den vevnaden som heiter Bø Mållag. Eitt utgangspunkt er at norsk var avdanka som offisielt mål og som kulturmål på 1400- og 1500-talet. Ikkje berre skreiv embetsmennene på pære dansk, men også bøker vart med tid og stunder innført i kyrkje og skuleopplæring, og her var dansken einerådande. Dette framandvorne trengde seg såleis inn jamvel på bygdene her til lands, og er vitnemål om ei trist nasjonal og kulturell forfallstid.

Ei anna sak var det likevel at folk flest snakka sitt eige språk, sin eigen dialekt. Det hende seg at ein og annan vart oppteken av dette mishøvet mellom skrift og tale. Somme freista kome or tvangstrøya ved å skrive i eit dialektfarga språk. Lenge vart dette herre slag i lufta. Atter andre prøvde forme tankar som peikar mot språkleg frigjering. Ein slik ein var t.d. Hans Hansson frå Brunla, som m. a. var huslærar hjå kaptein Rye i Bø. Han uttala alt i 1816 at den dagen ville kome då «et kraftfullt sprog fra dølens hjem udlændingen forundret skal fornemme.» Noko seinare uttrykte diktarpresten Simon Olaus Wolff tankar av liknande slag, for ikkje å nemne Henrik Wergelands frigjerande tankar – også i målvegen – først på 1830-tallet.

Den norske målreisingstanken, klar og medviten, vart likevel først utforma av 20-åringen Ivar Aasen i artikkelen «Om vort skriftsprog» (1836). Her råkar vi for første gongen dei to grunntankane i målreisinga: nasjonaltanken saman med folkestyretanken, dette at språket var ein nasjonal eigedom som måtte tuftast på talemålet til det store, arbeidande folket. Aasen vart sjølv – som vi alle veit – nett den mannen som førte dette programmet ut i livet og fann fram til ein samnemnar for dialektane her til lands.

No starta heller ikkje flogvitet Ivar Aasen opp på berre bakke. Han var sjølv eit ektefødd barn av «opplysningstida» som på ein forvitneleg måte falda seg ut på Sunnmøre mot slutten av 1700-talet, med presten Hans Strøm som midtpunkt. Boksamlinga og prenteverket til Sivert Aarflot på Ekset i Volda sprang ut av dette. I grannelaget voks Aasen opp. Det går ei klar linje frå Hans Strøm til Sivert Aarflot og til Ivar Aasen.

Ekset-kulturen var på mange vis eit verdsleg motsvar til pietismen. Somme kallar rørsla for «rasjonalismen». Det som i alle høve låg under, var nyfikna over alt som rørde seg, trua på at tinga kunne utforskast, kritisk og metodisk. Programmet var: bort med gamal ovtru og stengslar, fram for betre materielle kår, likare opplysning osb.

Det er nok ikkje noko slumpetreff at den aller første spiren til målrørsla i Bø spring fram or eit liknande kulturmiljø.

2. «Fornuftens lys»: Eikjarud i Bø.

Sogeskrivaren Olav Stranna omtalar i den framifrå Lundesoga eit brev frå klokkar Mikkel Evensen til Halvor Rollefsen Eikjarud, dagsett 17. mars 1805. Brevet vitnar om eit mykje rasjonalistisk drag: «Blandt andre skadelige og dårlige tanker som vores Catechismus fremavlede i mine barneår.» Sikkert og visst er det at tankane må ha falle i god jord hjå Halvor Rollefsen. Denne Halvor frå Eikjarud er på mange vis eit lysande døme på det beste i opplysingstida, ei tid som elles kviler i halvmørke. Han var ein merkjeleg og mykje namngjeten bonde. Han dreiv Eikjarud som reine mønstergarden, og fekk utmerking frå sjølvaste Carl Johan. I religionen var han heller fri. Ikkje for ingenting hadde han Voltaires skrifter heime i boksamlinga si. Han fekk jamvel kongeløyve til å verta gravlagt på eigen grunn.

Ein av sønene hans heitte Halvor Halvorsen. Han var fødd i 1781, og bleiv i Hollavatnet i 1811. Målrørsla i Bø startar hjå denne gåverike guten. Eg har nyss gått gjennom eit brevskifte mellom Halvor og venen hans i Flåbygd, Gunder Gundersen Tvedt. Breva er i hovudsaka skrivne i åra 1800–1806, m.a.o. om lag hundre år før Bø Mållag vart skipa, før Ivar Aasen var fødd og ein mannsalder før broren hans, Gjermund Eikjarud, vart vald til første ordføraren i Bø.

Breva gjev eit forvitneleg innsyn i det allmenne kulturmiljøet i bygdene her ikring 1800, sett frå Eikjarud og ført i pennen av ein som fullt ut fortener nemninga bygdegeni. I eit brev frå 2. mars 1800 dreg han opp eit utsyn over kulturframvoksteren «her i egnen», og kjem m. a. inn på det ringe opplysningsnivået først på 1700-talet. Få kunne lese, og enno færre skrive. Men før 1720-åra var omme, «kom her hendelsesvis reisende i bygden en aldrende fattig til fylderi hengiven student ved navn Bertel Rosendahl». Denne karen lærde borna til dei mest formuande å lese, m. a. var Halvors bestefar mellom dei første som lærte seg lesekunsten.

Dette samsvarar godt med det H. J. Wille kriv frå Seljord i «Sillegjords Beskrivelse» (1786), der han m. a. nemner at berre ein av hundre kunne lese før konfirmasjonen.

Likevel trur eg det er rettast å gå endå eit hundreår mot vår tid før folk flest lærte seg å lese og skrive, i alle fall i den meining at lesing og skriving vart naturlege utslag av trongen etter å finne fram i dikting og litteratur, samfunn og politikk. Og jamvel mot slutten av førre hundreår er det ikkje så sjeldan å råke på personar som har vanskar med å skrive sine eigne namn.

Då er det sanneleg ikkje godt å drive målsak!

3. Første målmannen i Bø.

Halvor Eikjarud grundar mykje på kva språket har å seie: «At det må være vanskeligere at forklare vore tanker og anliggender i et sprog som ikke er os naturligt eller som vi ikke er fuldkommen mægtig, er unægtelig – og vort moders mål er jo ganske forskjælligt fra det danske.... At jeg skulde være bedre forsynt med ord og personlige vendinger, i almindelige hos os bekjendte og brugelige ting, så som alle de ting som hører til vor økonomi og kald, vore handteringer og adskillige næringsgrene med mere, dette er jeg overbevist om.» – Og så skriv Halvor like godt eit brev på bøheringsmål for rett å syne at han ikkje fer med laust prat.

Men svaret frå Flåbygd er heller nedslåande: «Det høidanske sprog kan ikke andet end være os naturligt, thi først leser vi i dette sprog vore bøger, for det andet høre vi folk tale det.» «Hvilken snak!» svarar Halvor. Talar våre foreldre det? Prø no på å la dei uttrykke seg i det rette danske språket, og det vert like så vanskeleg som du ba dei snakke tysk. «Jeg og du kan vel have lidt mere leilighed til at blive bekjendt der med, med omgang og bøger, så småt, men det er os enda ikke naturligt.»

Lokalhistorikarar føre meg, som Olav Nordbø og Stian Henneseid, har understreka at vi her har å gjere med det første som er uttala om målsaka i Bø, og kan hende vidare med. Halvor Eikjarud må ha vore mykje føre si tid. Han var som ein liten Wergeland, seier Olav Nordbø treffande om han. (Sjå Årbok for Telemark, 1938.) Halvor gjekk elles vidare i den rasjonalistiske leia som faren hadde staka opp. Han kunne ikkje noko med haugerørsla: «Den gjør opsigt, formedelst nu som det lades, besynderlig lyst til grubleri, og ængstelige indbildninger uden at lade tilbørlig veilede af fornuftens lys.» Og som ein heimleg Voltaire lyder det når han seier: «I likhet med de lærde vil jeg forsvare mine meninger til jeg har brugt den siste dråpe i mitt blekkhus.»

Til dette kjem byrgskapen over å høyre til bondestanden: «Vel er sandt, vi må ikke således lægge os andre kundskaber, at vi derover skulde forsømme vort kald som bønder.» Dette er òg heilt i samklang med det Ivar Aasen seinare hevdar.

At eldhugen for folkeopplysning var alvorleg meint, kjem m. a. fram i strevet for å få i gang eit leseselskap, som han sjølv seier: «det første læse-selskab blandt os». Leseselskapa var førebod om folkeboksamlingane seinare, og det Halvor fekk i gang i heimbygda, må ha vore mellom dei aller første i landet.

I eit brev frå januar 1806, stilla til ein pastor W., minner Halvor om «at en ung Tellemarks bonde var hos dem i fjor i julen og kjøbte endel bøger for et begyndende leseselskab af bønder». Dette fortel at han sjølv var inne i Oslo og skaffa bøker. Vi kjenner òg til at han nytta Aall på Ulefoss som mellommann. Det var ikkje lett, «da ingen boghandling gives i vor kjøbsted Skeen».

Skal tru kven denne pastor W. var? Ei rein gissing kunne gå ut på at det var Bø-presten Georg Willumsen som kom til Bø som prest i 1815. I tilfelle kunne vi snakke om ein klar samanheng i folkeopplysningsarbeidet her i bygda. Men her ligg det meste i mørke og ventar på at einkvan kan trekkje dette viktige kapittel i Bø-soga fram i lyset.

I alle høve er det sikkert og visst at prest Willumsen heldt fram med folkeopplysinga i Bøherad. Han starta eit studieselskap, og endå viktigare var arbeidet han gjorde for å få bygt fastskulen på Grauteknapp, som vart opna i 1923. Olav Stranna, som elles er noko atterhalden andsynes den tradisjonen Willumsen representerte, seier i skriftet «Ljos over Telemark»: «I den åndsmørke tidsbolken fyrstundes på 1800-talet rann det liksom ein ljoske av dag frå den vesle skuleheimen ved kyrkja.»

I 1845 vart Søren Rollefsen lærar og klokkar. Dermed er vi attende til målsoga i Bø att, og til Eikjarud-ætta.

4. Søren Rollefsen.

Søren Rollefsen vart fødd i 1812. Faren hans kom frå Eikjarud, og hadde med seg eit rasjonalistisk drag derifrå. Broren melde seg inn i Thranerørsla. Søren vaks opp i heller små kår på Storrønningen, som tidlegare hadde lege under Oterholt. Han var mellom dei først gåverike i bondesamfunnet som fekk seminarutdanning. Bø kommune hjelpte til med eit rentefritt lån, og heim frå Asker seminar kom han med framifrå karakter. Frå omlag 1850 og fram til 1868, då han døydde i si mann domsfulle kraft, finn vi Søren Rollefsen som ein hovudperson i Bøherads styre og stell.

Han skal ha vore ein framifrå dugande lærar. Omframt vanleg folkeskule, heldt han òg ein framhaldsskule (storskule) for ungdom som var konfirmert. Derifrå var det ikkje lange vegen til Klyve seminar i Solum. Av Rollefsens læresveinar som sette merke etter seg, kan nemnast: Halvor Tvedten, Ivar Gundersen, Halvor H. Skogen, Johs. Gaara, Olav Kaarsten, Fredr. Pohlman, Steinar Verpe, Auver Flatland… slik kunne ein halde fram med å rekne opp.

Så vidt eg veit, nytta Rollefsen ikkje landsmålet sjølv. Han var ein meister til å skrive, men hekk att i den gamle stilen, som tilfelle var med flest alle som hadde fått dansken inn med morsmjølka.

Det ville sjølvsagt ikkje vorte noko av det norske målstrevet, om ikkje nokon tok seg føre å skrive det. Det gjorde Asmund Vinje. Bladet hans, «Dølen», var spreidt rundt om i bygdene. Det var kvikt og godt skrive. Orda var forma etter tanken, lesarane kjende seg att. Søren Rollefsen var òg postmann, og tradisjonen fortel at han ofte las opp frå «Dølen» for dei som ville høyre på.

Minnet om Søren klokkar vart heidra av Bø Mållag i 1922. Den 17. mai det året la mållaget ein krans på grava hans, og Halvor Grave slutta slik: «Me vil alltid minnast Søren Rollefsen med takk avdi han var med og verja den vesle groren som den tid hadde teke til å ydda fram for norsk målreising.»

5. Samtalarane i Bø.

Og den vesle groren voks seg til. Jordsmonnet vart òg likare. Tidleg på året 1881 stod det ei melding frå Bø i «Varden»: «Den yngre slægt styrer til en anden kant og befatter sig også med et og andet udenfor selve madstrevet. Går vi ned til posthuset, blir vi straks var en mængde forskjellige aviser, der blir sendt ud til alle bygdens kanter. Og ikke nok med dette. Vi bar også midt i bygden et større almuebibliotek, hvor bøgerne går ud og ind fort væk.»

No hadde det verkeleg meining å drive målsak! Bøker og blad vart utgjevne, og gjekk på omgang ute i bygdene. Ikkje minst avisa «Varden» vart viktig, og har ei stor fortid som ei radikal og folkeleg avis her i fylket.

To unggutar på Nordbø var flittige meldarar til denne avisa. Halvor Torstensen og Halvor Halvorsen heldt saman i tjukt og tynt. Hølje Mørholt heitte ein tredje bygdejournalist. Dei var unge, radikale – og nasjonale. Inspirasjonskjelda var Viggo Ullmann og folkehøgskulen i Seljord. Dit drog dei tidt og ofte.

31. mars 1881 gjekk ein flokk radikale Bø-ungdomar saman og skipa Bø samtaleforening. Samtalarane var banebrytarar for mangt og mykje i Bø. Legg likevel merke til kva som var aller første samtaleemnet: «Fyrst og fremst tok dei fat på målsaki, som kom fram fleire vendur, å dæ visar seg, at Bøhæra hev utruleg mange målmenn, som ynskjer, at folkesprokje kann få full program i skulen og kyrkja.»

Dermed var programmet staka opp. Og det vart ikkje med lause talemåtar. Dei starta opp eit handskrive blad som dei kalla «Bøheringen», og mange av stykka der var på eit dialektfarga landsmål.

Samtalelaget vart elles mønster for liknande lag i grannebygdene. Og det er ikkje noko slumpetreff at målspørsmålet dukka fram første gongen i Lunde på eit møte i Lunde samtalelag 28. januar 1882, der Rolleif Lia innleidde.

Det var i desse åra at målsaka vart fletta saman med den nasjonale – og sosiale striden. Arbeidet i samtalelaga var førebod om dette. Målsaka vart politikk, med andre ord. Det første store resultatet av dette var jamstellingsvedtaket i 1885, sjølve fridomsbrevet til nynorsken.

6. Halvor Klasen Grave.

Her på heimebana vart det likevel lenge med heller små og spreidde tillaup. Riksmålet var einerådande i skule og kyrkje inn i vårt eige hundreår. Det gjekk ikkje berre med vakre prinsipp. Skulle det mune noko, måtte dansken jagast ut der han hadde kome inn. Og skulle det lukkast, måtte målstrevet verte meire handfast, praktisk, jordnær. Det var lite truleg at målspørsmålet vart avgjort på talarstolen.

Bøherad fann mannen med det praktiske handlaget i HalvorKlasen Grave. Denne unge mannen byrja skrive i avisene på 90-talet og ivra då for ein fastare samskipnad for målfolka i Bø. Det galdt å samle kreftene. Halvor Grave var fødd i 1872 på Grave, som fram til 1883 høyrde til Seljord. Han var av gamal og vyrd bondeætt. Som tilfellet var med samtalarane tidlegare, vart Seljord og folkehøgskulen der eit Mekka dit han valfarta tidt og ofte.

Men no var det meir storpolitikk. Unionsstriden gjekk inn i ein avgjerande fase. Ullmann var mellom Venstres fremste på Tinget. Halvor var sjølv ihuga venstremann, og høyrde til den radikale vengen i unionskampen. Likeins var han oppteken av skyttarsaka, og vart personleg kjend med «skyttargeneralane» Five og Angell.

Trass i ulike hugmål – som på mange måtar var i slekt – var det likevel målsaka han brann mest for. Ingen tek plassen hans som den mest ruvande personlegdomen i målsoga for Bøherad.

Halvor Grave vart kjend med mange kjende målfolk. Ein av desse var Olav Midttun, som kom hit til bygda første gongen i 1902, 19 år gamal, for å vere framhaldsskulelærar. «Eg hadde ikkje vore stort meir enn 14 dagar i bygdi, før Halvor Grave fekk meg til å halda foredrag um Snorre. Tri viker etter måtte eg til att, og heldt fyrste foredraget mitt um Aasmund Vinje. Etter nyåret fekk han meg til å halda målskeid, endå eg streta mot, for eg hadde ikkje havt upplæring i nynorsk og lite skrive det, anna enn i nokre stilar for far. Me hadde nett fått fyrste offisielle landsmålsrettskrivingi. (1901). Men han gav seg ikkje, so eg måtte til. Før eg reiste i mars, måtte eg halda endå eit foredrag (om Ole Bull).»

Dette er eit lite utdrag or ein vakker biografi Midttun har teikna av Grave, i Årbok for Telemark (1964). Det er framom alt den praktiske målstrevaren vi her møter, og som vi snart skal møte att i oversynet vårt.

I 1924/25 skranta Halvor Grave mykje, og vart kasta på ei sjukeseng han aldri kom seg or. På årsmøtet i Bø Mållag 1925 sende laget ei helsing. Grave svara: «Hjarteleg takk for kjærkomi helsing. Lukke med arbeidet. Mi beste helsing og takk.» – Dette er truleg dei siste orda til meiningsfrendar og trufaste vener. Den 13. august 1925 døydde han, og Bø hadde mist sin varmaste og mest heilhuga norskdomsven.

Olav Gullvaag fortel i minneorda han skreiv om då Jørgen Løvland var på talarferd og overnatta på Grave hjå Halvor. «Det var eit minne for livet å høyra den væne samrøda utyver kvelden millom den idealistiske, smålåtne bonden og den folkelege, djupt forståande statsmannen. Løvland let falla nokre ord um alt offerarbeidet Grave dreiv med og sa: «Eg tenkjer du ser ikkje stort att av takk og løn.» Då log Grave: «Skulde eg ta meg betalt for å hava ei sak kjær?» – «Nei, nei,» sa Løvland og gav honom handi til eit traust tak. Slike idelistar, som dei kloke lær til som naive og himmelblå – kva var no livet utan deim?»

7. Bø Mållag vert skipa.

2. mars 1902 vart samskipnads-tanken til Halvor Grave røyndom. Bø Mållag vart skipa. Første paragrafen i lovene lydde slik: «Lage vil arbeida for at det norske mål må vinna rom og retten sin att, verta kjendt og kjært og brukt til alt i skrift som tale. »

Møteboka er denne dagen underskriven av: G. T. Oterholt, H. K. Grave, A. K. Grave, H. E. Grave, Svein Høydal, T. Espedalen, 0. Einarson, 0. Paalskaas, Margrete Paalskaas, Halvor T. Verpe, Ketil H. Eika, Kari H. Forberget, Halvor Espedalen, Eilev Langkaas og S. Svenningsen.

Eg går ut frå at dei som var til stades, har skrive under. Store flokken var det ikkje, men han var god, den som var. Vi legg elles merke til at to kvinner var med, det var ikkje vanleg den gongen. Margrete Paalskaas var mellom dei første kvinnene i aktivt lagsarbeid her i Bø. Ein gong var Arne Garborg i Bø og tala i det nye forsamlingshuset Folkvang. Margrete Paalskaas takka diktaren med å seie at det var tankar for eit langt liv. Garborg, som ingen stortalar var, visste ikkje korleis han skulle ta dette, endå det sjølvsagt var godt meint.

Første styret i Bø mållag vart: Halvor K. Grave, formann, Torgrim Espedalen, Kittil H. Eika, Olaf H. Paalskaas og G. T. Oterholt.

No var det berre å setje i gang.

8. «Fillekjærring»-striden.

19. september 1903 sende Halvor Grave eit skriv til Bø skulestyre og gjorde framlegg om at «Norigs soga skal vera på landsmål i framhaldsskulen i Bø». («Det galdt truleg den framifrå, nasjonale «Norigs soga» av Steinar Schjøtt, som eg hadde nytta for meg sjølv, vinteren før», skriv Midttun.) – Då framlegget kom opp ein månad etter, møtte det fram berre 8 av 14 medlemer, medan alle åtte lærarar i bygda tok del. Sokneprest Camillo Rantzau-Bøckman var skulestyre-formann, og ikkje særleg stemd for målsaka, for å seie det mildt.

Det viste seg at einast lærarane var med i ordskiftet. Men det var òg rikeleg. Ein av dei sa m. a. at ein var like god nordmann om ein ikkje var målmann. Det som det galdt om, var å gjera noko til gagns. Ingen tenksam lærar ville finne på å knote dansk i skulen med borna. «Det var ille at me hadde lote skifta mål, men no er det ingi botevon for det. For landsmålet rekk ikkje til, kor mykje ein pyntar på det; ei fillekjærring blir ei fillekjærring, um ein so hengjer på henne ein messeserk.» Etter dette skal formannen ha ropa bravo, og klappa i hendene. Deretter baud han alle inn på ein kopp kaffi med kveitebollar. Sidan vart det avrøysting, og framlegget frå Grave vart då nedrøysta med 7 mot ei røyst, Graves eiga.

Ja, slik står det i alle fall i referatet som vart sendt inn til «Den l7de Mai», som sjølv hengde på ein redaksjonell hale: «Ein snål prest er presten Bøckman i Bø. Han held skulestyremøti i prestegarden; mellom ordskiftet og avrøystingi byd han medlemene inn på kaffi. Etter dette kaffidrøset med all presteleg påverknad vert det avrøysting. Kan ein so undrast på, at utfallet vart som det vart?»

Dermed var striden i gang, slik det hadde eit lag til når det hende noko særskilt «bøherisk». Båe partar var vel forsynte med skriveføre og i alle fall skriveglade penneknektar. – Det verkar elles som om «fillekjerrings»striden gagna målsaka. I oktober året etter vedtok nemleg skulestyret at landsmålstillegget til Rolfsens lesebok skulle takast i bruk i Sanda krins, og i 1906 vart landsmålet innført i krinsen. Same året vedtok endeleg skulestyret – mot ei stemme – å innføre Vellesens landsmåls-ABC i alle skulekrinsane. På førehand vart lærarane i bygda tilspurd om kva dei meinte, og endringa vart tilrådd mot tre stemmer.

Stemninga hadde snudd seg! Men kor lenge ville det vare? Torgrim Espedalen skreiv i eit brev til venen Halvor Grave: «Ja, komande laurdag skal det vera krinsmøte i Forberg skulekrins. Der skal millom anna ogso «målspursmålet» fram. Korleis gjeng det no? Eg høyrde ein mann der ute sa, at me laut ottast det verste, for «målhatarne» vil ha «revanche», sa han.»

9. Katedral, børs – og Norig.

Bygda skulle ha ny prest. Bøckman hadde gjort si tenest, og Halvor Grave såg helst at det no vart ein person som var meir å lite på i målvegen. Han skreiv om dette til stortingsmann Grivi, som svara attende og bad Halvor ta det heilt med ro, «thi er han ikke folk, når han kommer til Bø, så skal han bli, før han reiser.... Jeg har hørt, at der skal være udsigt til, at vi får Kofod».

Dette var i 1905, og Kofod vart verkeleg ny prest i Bø, og då trong ingen ottast, for han var visseleg både folk og folkeleg, jamvel målmann. Ikkje anna å vente at det no gjekk snøgt med å få innført Blix-salmane i gudstenesta; det skjedde samrøystes i 1906. Ender og då vart kyrkja teken i bruk til nynorsk messe. Nynorsk altarbok vart innført i 1922.

Same året var elles Halvor Grave midtpunktet for ein ny bygdestrid, denne gongen av meir symbolsk meining. Saka var at kyrkja hadde fått seg støypt ei ny klokke, og støyperiet hadde like godt prega inn ei innskrift av Kingo, på dansk sjølvsagt. Men det ville ikkje målfolka vite noko av! Jonsokeftan 1922 vedtok dei å få hogge ut innskrifta, koste kva det koste ville. Mållaget laut garantere for 5000 kroner, om det skulle gå gale og klokka tape klangen sin. Det gjekk godt, og bøheringane slapp tenkje på at klokka ljoma ut over bygda med dansk innskrift. Stundom er slike symbolske ting viktige.

Sparebanken neste! Olaf H. Paalskaas var formann i bankstyret i tida under og etter første verdskrigen. Han var òg ihuga målmann. I 1923 gjorde han framlegg om at administrasjonsmålet skulle vere på nynorsk, og det gjekk gjennom. 14. april s. å. er første gongen nynorsk vert nytta i møteboka. Det var Paalskaas sjølv som førte protokollen. Sant å seie var ikkje resultatet særleg vellukka i førstninga. Så mange gamle vendingar sat gamlekarane i blodet. Knut H. Nordbø, som var lokal avismedarbeider frå Bø gjennom eit halvt hundre år, hadde godhug for målsaka. Men han fekk seg aldri til å prøve sjølv. Han seier sjølv: «Bare endel oldinger innlevet i de gamle forhold sat igjen klimprende mere eller mindre stivt på riksen. Undertegnede er en av dem.»

Tanken om ei nynorsk avis var for mange sjølve hjartesaka. Og i 1909 var lutlaget «Norig» skipa, og Bø Mållag teikna seg for ti luter på augneblinken. Ut gjennom åra sende lokallaget her tusenvis av kroner til støtte for bladet. T. d. skipa mållaget til marknader, som i 1911 gav 6000 kroner i overskot. Den gongen var det mykje pengar. Kva skal vi då seie om Halvor Grave, som ein gong på fjorten dagar samla inn tjue tusen kroner! Redaktør Gullvaag har sagt at han er overtydd om at Grave på eiga hand redda bladet mange gonger.

No fekk målfolket sanneleg att for strevet. «Norig» var eit framifrå blad, som det er spanande å bla i den dag i dag. I åra 1912–1921 var den kjende forfattaren Olav Gullvaag bladstyrar, og han gjekk føre med ein kjapp og frisk penn – slik at avisa ofte vekte åtgaum vide i kring. Bø Mållag sende i 1920 ei særskild takk til Gullvaag for hugheilt og trufast arbeid.

På 30-talet, då det gjekk galne vegen med så mangt, laut «Noreg» gje seg. Men bladet har då overlevt på eit vis, som «Telemark Tidend» i «Varden». Halvor J. Sandsdalen, som styrer dette veketillegget, liknar Gullvaag på mange måtar. Men ei svale gjer ingen sommar, korkje den gongen eller i dag.

10. Nynorske lærestader.

Målrørsla sette seg endå større mål. Tanken om høgre lærestader, tufta på nynorsk språk og kultur, vart teken opp i åra etter 1905. I 1916 vart første landsgymnaset opna, på Voss. Dette måtte vere noko for Telemark òg. Ungdomslaga og mållaga, mest som ideologiske tvillingbrør å rekne, gjekk saman og sette ned ei skulenemnd der m. a. Halfdan W. Freihow og Halvor Grave var med. Desse såg høgre lærestader på bygdene som hovudgreiner for nynorsk reising.

I fråsegna frå utvalet heitte det m. a. at «den oppveksande ungdom i fylkets bygder bør skaffast utveg til å få si opplæring på nynorsk, og Telemarks bondekultur bør liggja til grunn for deira utdanning». Då fylket i første omgang reagerte kjøleg, skunda Neri Valen på det beste han kunne: «Ein veit elles at svært mange som bur i bygder ikring byane ikkje ynskjer å sende skuleungdomen sin til byen, men heller til ei bondebygd med ein skule som i mål og sed er tufta på heimleg grunn.»

Det stod ei tid og bikka mellom Setesdalen og Telemark, og endskapen vart at Hornnes vart vald i 1922. Etter den tid vart tidene kleinare, og styremaktene fekk andre ting å tenkje på enn å utpeike stader for landsgymnas.

Men målfolka gav seg ikkje så lett. Dei sette no i gang for å få reist ein realskule på privat grunnlag. I eit sammøte mellom det frilynde ungdomslaget og mållaget 4. mars 1923 heiter det m. a.: «I det høve at fylkestinget avslår å yta det årlege tilskot til skulen, vil underskrivarne setja alt inn på at Bø frilynde ungdomslag og Bø Mållag yvertek dette tilskot til skulen for 3 år. Me gjeng god for at desse pengar vert skaffa.» Underskrive av: H. K. Grave, Torstein Børte, Olav Nordbø, Halvor Brenne, Torgeir Espedalen, G. O. Lahus og Hellek Gaara.

Dette var kimen til skulestaden Bø. Realskulen tok til i 1923. Landsgymnaset kom kring 1950. I 1954 vart skulane slegne saman til Telemark off. landsgymnas og Bø statsrealskule. Til dette kjem handelsskulen, som Telemark Mållag fekk reist og dreiv om lag 20 år, før det offentlege tok over i 1969.

Siste skotet på skulestamma i Bø er Telemark distriktshøgskule. Stadvalet til denne skulen kunne kreve eit heilt kapittel for seg. Men ein skal legge merke til at det denne gongen verkar som om det lokale mållaget sit som tilskodar, medan målaktivistar inne i Oslo pressa på som hardast. Alt i 1967 hadde Noregs Mållag i eit brev til Ottosen-komiteen peika på kor viktig omsynet til språklege og kulturelle tilhøve var for å finne fram til dei rette skulestadane. Aksjonsnemnda for DH-skulane, særleg tufta på Studentmållaget i Oslo, fylgde dette opp med eit storarbeid utan like. Eit vendepunkt var her helgeseminaret i Bø 1. og 2. november 1969, då dei lokale styresmaktene skjøna at sjansane vart store for å få heile skulen.

Men i møteboka for Bø Mållag er saka først nemnd på vårparten året etter, då Olav Fundlid innleidde til samtale om planane for distriktshøgskulen i Telemark.

Vedtaket om full utbygging i Bø gjekk gjennom i Stortinget 29. mai 1970 med 78 mot 57, i ei av dei mest opne og spanande voteringar vi kjenner til i etterkrigstida.

11. Kvardag og fest.

Men målarbeidet har venteleg ikkje alltid vore like dramatisk og spanande. Det har trass alt vore flest kvardagar: arbeidet med å skaffe medlemer og få dei til å betale medlemspengane, skaffe fram skjema på nynorsk, få fram nynorske oppslag på jarnbana, selje Alkunneboka, få fram nynorsk teksting på mjølkekartongane, få forretningsstanden til å lyse på nynorsk m. m. m.

Men visseleg har det vore fest og festdagar òg. Mållagsfesten verkar gjennom mange år å ha vore eit årleg høgdepunkt i bygda. Dei fekk då heim kjende talarar, slike som Hovden, Hognestad, Løvland, Skard, Midttun, – og kva dei no heitte alle saman. I 1928 vart det halde julefest på realskulen med 300 frammøtte. I nyårshelga vart det skipa til heidersfest for Gunnulf Borgja, som aldri sa nei når mållaget bad han spele opp. Då kom det heile 450 til stades. Desse kulturkveldane er tekne opp att dei siste åra, med stort utbyte og oppslutning.

Medlemstalet har svinga opp og ned. Oftast har det lege kring femti, ein hende gong det doble, ja eit par år jamvel tredoble. Men like ofte har det vore mindre.

Halvor Grave ruvar i dette oversynet. Sjølvsagt drog òg mange andre lasset, men vi kan ikkje nemne alle. Formannslista ser slik ut, i kronologisk rekkjefølge, – men merk då at t. d. Ketil K. Grave og Halvor Midtbø har vore formenn fleire vender: Halvor K. Grave, Torstein Børte, Ketil K. Grave, Brynjulf Sjøtveit, Henrik Naustdal, O. Berge, Gunnulf Lahus, Olav Kvålen, Ketil Bergland, Halvor Midtbø, Jostein Fet, Jon Homme, Tjostolf Kiland, Sigrid Aksnes, Knut Løvlund, Olav Østerli, Ørnulf Nordbø, Olav Sandnes, Martin Skjekkeland og Jon Osnes

Jamvel i formannslista merkar vi tydeleg pulsslaga frå dei nye skulane. Det vart naturleg nok ei vanskeleg tid etter at Grave fall frå i 1925. Likevel heldt aktiviteten og medlemstalet seg godt oppe til ut på 30-talet. Det verkar då – om vi skal døme etter møtebøkene – at laget sovnar meir og meir inn. Under krigen fekk kan hende folk andre ting å tenkje på, men dvaleperioden ser ut til å strekkje seg utover i fredsåra òg. I årsmeldinga frå 1946 heiter det m. a.: «Etter dette må ein vel helst seie at mållaget er lite aktivt, og at målarbeidet held på å stogge her i bygda. Om det er interessa som vantar, eller at mållaget meiner verket er fullført her i bygda, veit vi ikkje.»

Det vart andre saker å melde om då Halvor Midtbø vart formann i 1952. Medlemstalet fauk oppover, og låg ei tid på 120 medlemer. Anna Fundlid var då nestleiar, samstundes med at ho i lange bolkar var leiar for Telemark Mållag. Mannen hennar, Olav Fundlid, var òg ein sers god mann for målrørsla desse åra. Og ikkje å forgløyme eldsjela Jon Homme, ei årrekkje redaktør i Årboka for Telemark – og likeins formann i Bø Mållag gjennom vanskelege 60-år.

I 1967 vart det skipa eit elevmållag ved gymnaset og statsrealskulen, med Gunnar Bjåland frå Morgedal som første formannen. Seinare har det vore mykje opp og ned med dette laget. Det verkar ikkje som om namneskiftet til Bø Målungdom har vore noko meir enn ei namneendring.

Tidleg på 70-talet gjekk mållaget inn i ei ny oppgangstid. Laget var aktivt med i motstanden mot EF, og fekk ny kveik. I 1974/75 var medlemstalet kome opp i 150, som truleg er rekord i lagssoga.

Tidleg i 1972 tok laget opp tanken om å få NRKs distriktskontor for Telemark lagt til bygdemiljø. Aktiviteten vart utvida til å gjelde andre lag og andre bygdelag. Høgdepunktet kom i 1975, då aksjonsnemnda overrekte ei «kvitbok» til Kyrkje og undervisningsnemnda i Stortinget.

Det var på håret at aksjonen ikkje førte til målet. Men ingen grunn til å henge med hovudet for det. I årsmeldinga for 1975/76 heiter det om dette m. a.: «I samband med denne saka vart Bø Mållag nemnt i mest alle aviser her i landet og i radioen. Sjølv om NRK-kontoret for Telemark kom til Porsgrunn, vil aksjonen utan tvil få fylgjer for plasseringa av dei andre NRK-kontora. Aksjonen viste også at målrørsla ikkje berre gjeld konkret målsak, men heile bygdekulturen.»

Ved alle slike aksjonar har Halvor Dalene vore i fremste rekkja. Dette gjeld ikkje minst i bladsaka, strevet for å få ei eiga bygdeavis i Midt-Telemark, tufta på nynorsk språk og kultur. No er «Telemarkingen» inne i tredje årgangen, og ser verkeleg ut for å vere liv laga. No finst det to små «Norig»’ar som gode grannar, med Kviteseid og Bø som utgjevarstader.

12. «Og enno stend me midt der-i!»

Dermed er vi ved vegs ende, endå målsaka langt frå har nådd alle måla sine. Eit mesta hundre år gamalt jamstellingskrav er enno ikkje sett ut i livet. Og særleg etter siste krigen har nynorsken tapt mange skulekrinsar og dermed livsviktige skansar. Her er visseleg mykje å henta att. Jamvel på ein 75 årsdag finst det ingen laurbær å kvile seg på. Til det er alt for mykje ugjort.

Garborg skal òg få siste ordet. I 1922 heldt Bø Mållag ein Garborg-kveld. Diktaren var då på Italiaferd, og sende takkebrevet derifrå: «Men det gjeld å halda fram au. Norsk mål hev enno ikkje nått sin fulle rett; og mangt er enno å gjera, her som i andre land – fyrr den fridom og samfunnsrettferd er nådd, som heilt kan tryggje folkelukka og arbeidsfreden. «Fram i fredelege kappstig! må det enno vera herropet. Med helsing og takk. Arne Garborg.»