10. Nynorske lærestader.

Målrørsla sette seg endå større mål. Tanken om høgre lærestader, tufta på nynorsk språk og kultur, vart teken opp i åra etter 1905. I 1916 vart første landsgymnaset opna, på Voss. Dette måtte vere noko for Telemark òg. Ungdomslaga og mållaga, mest som ideologiske tvillingbrør å rekne, gjekk saman og sette ned ei skulenemnd der m. a. Halfdan W. Freihow og Halvor Grave var med. Desse såg høgre lærestader på bygdene som hovudgreiner for nynorsk reising.

I fråsegna frå utvalet heitte det m. a. at «den oppveksande ungdom i fylkets bygder bør skaffast utveg til å få si opplæring på nynorsk, og Telemarks bondekultur bør liggja til grunn for deira utdanning». Då fylket i første omgang reagerte kjøleg, skunda Neri Valen på det beste han kunne: «Ein veit elles at svært mange som bur i bygder ikring byane ikkje ynskjer å sende skuleungdomen sin til byen, men heller til ei bondebygd med ein skule som i mål og sed er tufta på heimleg grunn.»

Det stod ei tid og bikka mellom Setesdalen og Telemark, og endskapen vart at Hornnes vart vald i 1922. Etter den tid vart tidene kleinare, og styremaktene fekk andre ting å tenkje på enn å utpeike stader for landsgymnas.

Men målfolka gav seg ikkje så lett. Dei sette no i gang for å få reist ein realskule på privat grunnlag. I eit sammøte mellom det frilynde ungdomslaget og mållaget 4. mars 1923 heiter det m. a.: «I det høve at fylkestinget avslår å yta det årlege tilskot til skulen, vil underskrivarne setja alt inn på at Bø frilynde ungdomslag og Bø Mållag yvertek dette tilskot til skulen for 3 år. Me gjeng god for at desse pengar vert skaffa.» Underskrive av: H. K. Grave, Torstein Børte, Olav Nordbø, Halvor Brenne, Torgeir Espedalen, G. O. Lahus og Hellek Gaara.

Dette var kimen til skulestaden Bø. Realskulen tok til i 1923. Landsgymnaset kom kring 1950. I 1954 vart skulane slegne saman til Telemark off. landsgymnas og Bø statsrealskule. Til dette kjem handelsskulen, som Telemark Mållag fekk reist og dreiv om lag 20 år, før det offentlege tok over i 1969.

Siste skotet på skulestamma i Bø er Telemark distriktshøgskule. Stadvalet til denne skulen kunne kreve eit heilt kapittel for seg. Men ein skal legge merke til at det denne gongen verkar som om det lokale mållaget sit som tilskodar, medan målaktivistar inne i Oslo pressa på som hardast. Alt i 1967 hadde Noregs Mållag i eit brev til Ottosen-komiteen peika på kor viktig omsynet til språklege og kulturelle tilhøve var for å finne fram til dei rette skulestadane. Aksjonsnemnda for DH-skulane, særleg tufta på Studentmållaget i Oslo, fylgde dette opp med eit storarbeid utan like. Eit vendepunkt var her helgeseminaret i Bø 1. og 2. november 1969, då dei lokale styresmaktene skjøna at sjansane vart store for å få heile skulen.

Men i møteboka for Bø Mållag er saka først nemnd på vårparten året etter, då Olav Fundlid innleidde til samtale om planane for distriktshøgskulen i Telemark.

Vedtaket om full utbygging i Bø gjekk gjennom i Stortinget 29. mai 1970 med 78 mot 57, i ei av dei mest opne og spanande voteringar vi kjenner til i etterkrigstida.