11. Kvardag og fest.

Men målarbeidet har venteleg ikkje alltid vore like dramatisk og spanande. Det har trass alt vore flest kvardagar: arbeidet med å skaffe medlemer og få dei til å betale medlemspengane, skaffe fram skjema på nynorsk, få fram nynorske oppslag på jarnbana, selje Alkunneboka, få fram nynorsk teksting på mjølkekartongane, få forretningsstanden til å lyse på nynorsk m. m. m.

Men visseleg har det vore fest og festdagar òg. Mållagsfesten verkar gjennom mange år å ha vore eit årleg høgdepunkt i bygda. Dei fekk då heim kjende talarar, slike som Hovden, Hognestad, Løvland, Skard, Midttun, – og kva dei no heitte alle saman. I 1928 vart det halde julefest på realskulen med 300 frammøtte. I nyårshelga vart det skipa til heidersfest for Gunnulf Borgja, som aldri sa nei når mållaget bad han spele opp. Då kom det heile 450 til stades. Desse kulturkveldane er tekne opp att dei siste åra, med stort utbyte og oppslutning.

Medlemstalet har svinga opp og ned. Oftast har det lege kring femti, ein hende gong det doble, ja eit par år jamvel tredoble. Men like ofte har det vore mindre.

Halvor Grave ruvar i dette oversynet. Sjølvsagt drog òg mange andre lasset, men vi kan ikkje nemne alle. Formannslista ser slik ut, i kronologisk rekkjefølge, – men merk då at t. d. Ketil K. Grave og Halvor Midtbø har vore formenn fleire vender: Halvor K. Grave, Torstein Børte, Ketil K. Grave, Brynjulf Sjøtveit, Henrik Naustdal, O. Berge, Gunnulf Lahus, Olav Kvålen, Ketil Bergland, Halvor Midtbø, Jostein Fet, Jon Homme, Tjostolf Kiland, Sigrid Aksnes, Knut Løvlund, Olav Østerli, Ørnulf Nordbø, Olav Sandnes, Martin Skjekkeland og Jon Osnes

Jamvel i formannslista merkar vi tydeleg pulsslaga frå dei nye skulane. Det vart naturleg nok ei vanskeleg tid etter at Grave fall frå i 1925. Likevel heldt aktiviteten og medlemstalet seg godt oppe til ut på 30-talet. Det verkar då – om vi skal døme etter møtebøkene – at laget sovnar meir og meir inn. Under krigen fekk kan hende folk andre ting å tenkje på, men dvaleperioden ser ut til å strekkje seg utover i fredsåra òg. I årsmeldinga frå 1946 heiter det m. a.: «Etter dette må ein vel helst seie at mållaget er lite aktivt, og at målarbeidet held på å stogge her i bygda. Om det er interessa som vantar, eller at mållaget meiner verket er fullført her i bygda, veit vi ikkje.»

Det vart andre saker å melde om då Halvor Midtbø vart formann i 1952. Medlemstalet fauk oppover, og låg ei tid på 120 medlemer. Anna Fundlid var då nestleiar, samstundes med at ho i lange bolkar var leiar for Telemark Mållag. Mannen hennar, Olav Fundlid, var òg ein sers god mann for målrørsla desse åra. Og ikkje å forgløyme eldsjela Jon Homme, ei årrekkje redaktør i Årboka for Telemark – og likeins formann i Bø Mållag gjennom vanskelege 60-år.

I 1967 vart det skipa eit elevmållag ved gymnaset og statsrealskulen, med Gunnar Bjåland frå Morgedal som første formannen. Seinare har det vore mykje opp og ned med dette laget. Det verkar ikkje som om namneskiftet til Bø Målungdom har vore noko meir enn ei namneendring.

Tidleg på 70-talet gjekk mållaget inn i ei ny oppgangstid. Laget var aktivt med i motstanden mot EF, og fekk ny kveik. I 1974/75 var medlemstalet kome opp i 150, som truleg er rekord i lagssoga.

Tidleg i 1972 tok laget opp tanken om å få NRKs distriktskontor for Telemark lagt til bygdemiljø. Aktiviteten vart utvida til å gjelde andre lag og andre bygdelag. Høgdepunktet kom i 1975, då aksjonsnemnda overrekte ei «kvitbok» til Kyrkje og undervisningsnemnda i Stortinget.

Det var på håret at aksjonen ikkje førte til målet. Men ingen grunn til å henge med hovudet for det. I årsmeldinga for 1975/76 heiter det om dette m. a.: «I samband med denne saka vart Bø Mållag nemnt i mest alle aviser her i landet og i radioen. Sjølv om NRK-kontoret for Telemark kom til Porsgrunn, vil aksjonen utan tvil få fylgjer for plasseringa av dei andre NRK-kontora. Aksjonen viste også at målrørsla ikkje berre gjeld konkret målsak, men heile bygdekulturen.»

Ved alle slike aksjonar har Halvor Dalene vore i fremste rekkja. Dette gjeld ikkje minst i bladsaka, strevet for å få ei eiga bygdeavis i Midt-Telemark, tufta på nynorsk språk og kultur. No er «Telemarkingen» inne i tredje årgangen, og ser verkeleg ut for å vere liv laga. No finst det to små «Norig»’ar som gode grannar, med Kviteseid og Bø som utgjevarstader.