12. «Og enno stend me midt der-i!»

Dermed er vi ved vegs ende, endå målsaka langt frå har nådd alle måla sine. Eit mesta hundre år gamalt jamstellingskrav er enno ikkje sett ut i livet. Og særleg etter siste krigen har nynorsken tapt mange skulekrinsar og dermed livsviktige skansar. Her er visseleg mykje å henta att. Jamvel på ein 75 årsdag finst det ingen laurbær å kvile seg på. Til det er alt for mykje ugjort.

Garborg skal òg få siste ordet. I 1922 heldt Bø Mållag ein Garborg-kveld. Diktaren var då på Italiaferd, og sende takkebrevet derifrå: «Men det gjeld å halda fram au. Norsk mål hev enno ikkje nått sin fulle rett; og mangt er enno å gjera, her som i andre land – fyrr den fridom og samfunnsrettferd er nådd, som heilt kan tryggje folkelukka og arbeidsfreden. «Fram i fredelege kappstig! må det enno vera herropet. Med helsing og takk. Arne Garborg.»